Boka Skammarens Dotter er skrevet av Lene Kaaberbøl.
Den ble utgitt i 2003. Lene er dansk, og boka ble oversatt av Øystein Rosse.
Dina ni år og er bor i Bjørkeby. Ho er som ei helt vanleg jente, men ein ting er annleis. Ho er skammarens dotter. Ein skammar her dei eigenskapane at kvar person ein ser inn i augo skammar seg for noko dei har gjort. Denne gåva har Dina arva frå mor si, og ein kveld får Dina eit smykke som visar at ho er skammarens lærling. Ein kveld kjem det to store karar frå Dunark, som er ein stor by like ved kysten, og spør etter Skammaren. Nokon har blitt drepen i Dunark, og dei treng hjelp til å finne den skuldige. Mor til Dina drar i veg til Dunark.
Morgonen etter kjem det ein ny mann, som heiter Drakan, til huset kor Dina bur. Men denne gongen er det Dina han vil snakke med. Han seier at Skammaren treng hjelp av dotter si. Dina nølar ikkje og blir med mannen til Dunark. Dei kjem fram til byen, og må inn i Dunark borg. For å komme inn dit, må dei igjennom Drakegården kor det bur verkelege drakar.
Den mistenkte heiter Nico, Skammaren seier han er uskyldig. Dette er noko Drakan ikkje trur på og sender Dina inn i sellen hans, i håp om at ho kan sjå noko anna. Men det går ikkje Drakans veg. Dina ser at Nico er uskuldig og dei blir vennar. Drakan blir forbanna og prøvar å drepe Nico og Dina men dei klarar å rømme. Dei må gjennom Drakegården, og på veg ut blir Dina bitt av ein drake. Dei flyktar til ein gammal kjenning av Nico, Meister Maunus. Der må dei gøyme seg for voktarene Dunark. Dei får høyre at Skammaren, mora til Dina er dømt til døden av Drakan. Dina, Nico og Meister Manus gjere alt dei kan for å hindre at Skammaren blir drepen.
Eg synast at boka var god. Språket var veldig flytande og bra, og det var spenning heile tida. Eg ville kanskje sei at boka passar betre for de dom er litt yngre enn med, ettersom boka handlar om drakar og det å få folk til å skamme seg. Eg vil gi den terningkast 4.
lørdag 9. januar 2010
Abonner på:
Kommentarer (Atom)